Her kan du legge inn alt du vil dele med meg og alle andre

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Mjøsby (onsdag 22. april 2009). Les mer om roperten…

Til lags åt alle Tekst: Ivar Aasen

Noe å ta med seg…

Til lags åt alle kan ingen gjera;
det er no gamalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
å hjelpa den, som det trenger mest.

Og kor du bryggjar og kor du bakar,
d’er alltid ein, som det ikkje smakar;
og når den eine då gjerer rop,
så ropar sidan den heile hop.

D’er mange nog, som vil domar vera
og læ åt alt, som dei andre gjera.
Og lyte finna dei rundt i kring,
og sjølve gjera dei ingen ting.

Um talen høyra me rødor manga,
og etter storleiken skal det ganga:
er folket stort, so er talen trygg;
er folket smått, so er talen stygg.

Og ymse folk er no alt for rædde,
at dei er havde til spott og gædde.
Dei skulde taka det heller lett;
det kjem vel upp, kven som hadde rett.

Her spyrst no minst um kvat mange lika;
mot rett og sanning må allting vika.
Det gjelder litet um tungt og lett;
det gjelder beinast um rangt og rett.

Det er ein ting, som oss tidt må undra,
at stort og smått skal seg alltid sunda,
at alt det store skal vyrdnad få,
og ingi ære når til dei små.

Det var vel lett, når ein slapp å grava,
når utan stræv ein fekk æra hava,
når den fekk prisen, som kravde mest
og berre kallad’ seg alltid best.

Det trur no mange den gamle læra,
at tyngste verket er største æra.
Det trur no mange, det folk er best,
Som krever minst og som strævar mest

Ein fær no høyra so mange grillor.
Det døma folke etter klædefillor.
Er kufta gammal, og kroppen grå,
so skal ein vandt noko vyrdnad få.

Kvat råd skal guten her heime hava?
Dei vil, han skal ned i moldi grava
og enda vera so blank og fin,
at skinnet glansar og kragen skin.

Skal alle ganga med kvita hender,
so kjem det armod i mange grender.
Skal guten grava og streva hardt,
so verer neven vel hard og svart.

D’er brotne kvistar i alle skogar;
det henger mold under alle plogar;
på alle leider det lyte finst,
og myket der, som ein ventar minst.

Men når me høyra um gamla tider,
so hadde folket vel verre rider.
Me all den trældom, som no me sjå,
so er det mildare no enn då.

Og dermed vilja me endå vona,
at lang tider må mykje sona,
at eingong sanning skal vinna lett,
at eingong folket skal få sin rett.

Vist 2670 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Nydlig dikt

Sit å spekulerar på å lage masse brødtekst til dette diktet, og bruke kvart vers som ingress. Nokre talande billete i tilleg. Vell, det er berre ein tanke.

Tenk å få satt ord på alt dette Stein Ove….?! Heldig vi som kan ta det med oss :D


Det høres spennende ut Tore…håper du setter igang :D

Det ligg eit nydeleg manus i kortform i dei lingjene hann har skrevet. Har aldrig lest heile diktet før.

;D
Blir gjerne referert til de første linjene, men som du sier…her er det masse..! :)

Annonse

Nye bilder